Vi i komiteen for veteranbildagen, gleder oss til denne helga. Sundag 15.juli er det veteranbildagen. Den startar i år òg med gudsteneste i Åseral kyrkje kl.11:00.
Veteranbilprest Anders Mathias Larsen kjem. Ved orgelet sit ein kjent vetaranbileigar, Reidar Skaaland, på trombone Espen Isak Egeland, song av Siri Marit Aasland og det kjente koret Flekkerøygutane. Som vanleg er det kyrkjekaffi på kyrkjebakken etter gudstenesta og Flekkerøy gutane ynskjer å synga for oss på kyrkjebakken og. Vi gleder oss!
På Minne kultursenter er det og ting som skjer. Blant anna vert det sal av komper og romegraut. Hægebostad trekkspillklubb spelar der. Veteranbussen kjem og er med oss på sundagen. Veteranbussen køyrar mellom fleirbrukshallen, Minne kultursenter og Rådhuset, til faste tider. Billett pris er: kr. 0,-altså gratis.
Laurdag 14.juli og sundag 15.juli er det antikk, samlar og salgs messa i fleirbrukshallen. Der er det og matsall. På sundag er det sal av komper på Rådhuset.
«Oppas hus, brukt og antikk » er oppe både laurdag og sundag. Det som før var Lordestova, er nå blitt til butikk som heiter OLFA CONSULT AS. Her sel dei alt innan olje og smøremiddel, Wenaas arbeidsklede, skog og hage utstyr, fallsikring og løfteutstyr. Alt innan sertifisering av løfte og fallsikringsutstyr kan og formidlas. Desse er å treffe desse dagane: Skjalg Fagerbakke tlf. 95908734, skjalg@olaconsult.no og Olav Fagerbakke tlf. 95343597.
Butikken er oppe både laurdag og sundag.
Vi ynskjer alle velkomen til denne flotte helga i Åseral og vi vonar at den enkelte føler seg velkomen!
Helsing fra veteranbilkomiteen i Åseral