Det er blitt siste onsdag i april, då er det samling hos Jan Bråtlund på Bjodland i Lyngdal.
Til tross for regn og kaldt ver, har godt med folk møtt fram, det blir talt opp 27 veteranbilar på tunet og bortover jordet, pluss nokre vanlege bilar.
Folk søker under tak i Jan sin garasje, her er det benker og bord, og berre å ta plass.
Olav Hægeland ønsker alle velkommen, og orienterer om sommarens program. Mangt og mykje skal foregå, følg med i Fjærbladet! Olav takkar for gjestfriheten på Bjodland, og vil gje Reidun ein blomst. Men han når ho ikkje på grunn av fullt av folk. Ho står i eit hjørne og steiker lappekaker, så planten blir sendt bort, og Olav vil ha klemmen til gode til seinare. Applaus for vertskapet.
Torstein deler ut lappar angåande onsdagsturar i vår/sommar.
Grillen er tent, pølsene kjem på, og kaffe kjem på borda, og nysteikte lappar luktar nydeleg. Det er berre å forsyna seg, og folk let seg ikkje be to gonger. Det blir mat og prat, folk kosar seg.
Etter matøkta lettar det med regnet, og ein kan gå rundt og sjå på kjøretøya. Også ein motor og to og ein Gråtass vekker interesse.
Der står det jamen ein bil me ikkje har sett før. Det er Inge som har skaffa seg ein «ny» bil, ein Opel 1952 modell, som han kjøpte for to veker sidan. Det einaste han har gjort med bilen, er å skifta olje og smurt opp bremsene, – og kjørt rundt med han i heile påska. Han er veldig fornøgd med nyanskaffelsen, det er moro.
Takk for ein triveleg kveld på Bjodland.
Turid.